Friday, 20. April 2018
18:00 — SpareBank1 Hall
Etter to år som student i Bergen, og fem år på Hawaii, drog Kristine Tofte på nye eventyr. I juni 2017 flytta ho til Bjørnøya for å jobbe som meteorologifullmektig. Det er korkje butikkar, kafear, 4G eller tidsklemme på den vesle øya i Barentshavet, og den einaste faste verksemda på øya er nettopp Bjørnøya meteorologiske stasjon, som har ni tilsette.
Kristine vil prate om kor viktig det er å aktivere seg sjølv når ein bur på ein aude stad og har lite kontakt med omverda. Utan familie og vener kan det bli tøft, særleg i mørketida. Kristine valte derimot å nytte tida si på mykje spennande som traktorkøyring, skytetrening, å vere nakenbadingvakt for dei menige på kystvakta, fisking, båtturar, kløyving av ved, og å passe på at Huskyane hadde det bra. Ho gikk også øya sine seks fjell og vitja dei seks hyttene som er der. I tillegg var ho så heldig og fikk surfe på Bjørnøya, noko ikkje mange i verda har gjort.
Vi gler oss til å høyre Kristine sine historier frå den unike og spennande øya!
Friday, 20. April 2018
18:00 — SpareBank1 Hall
–

Text by
Lise Musum Stangvik
–
Text by
Lise Musum Stangvik
Design by Eidsnes Design
Coding by Oclin