Frida Halvorsen

Storveggsklatrar


Frida er ein ivrig klatrekvinne, og før jul fekk ho verkeleg kjenne på livet i fjellveggen, då ho brukte tre månader på å klatre seg gjennom USA. Turen innebar blant anna fleire netter i det «flygande» teltet, portalodge, og møter med store klatreidol. Til X2 tar ho med seg bilete, film og gode historier frå opphaldet.

For to år sidan gjennomførte Frida ein kajakkekspedisjon på 45 dagar langs Irlands kyst. Ikkje berre er den tidlegare Volda-studenten ein kløppar i klatreveggen, ho er også stadig å sjå på sjøen, eller i fjellet med ski på beina. Ho har nok derfor sikkert fleire historier på lager til friluftsinteresserte Voldastudentar.