Grøn X2


X2-Festivalen prøver å ha fokus på miljø, og heiar veldig på gjenbruk. I den samanheng vil vi oppfordre folk til å hjelpe oss, slik at vi kan nytte andre sitt avfall til noko fornuftig. Som til dømes plastflasker, sykkelfelgar, og dekorelement som hekladukar, gamle lampar og møblar. Om nokon der heime sitt på noko av dette, er eg veldig interessert. Og kjem gjerne heim og henter.

Eg tenker at det er så mykje ein kan gi nytt liv med eit nytt malingsstrøk, gi det ei ny form eller funksjon. Vi treng ikkje alltid kjøpe nytt. Med litt kreativitet og innsats, kan ting bli god som ny. Og i mange tilfelle, ganske så kult. Eg personleg har sterke meninger om dagens forbruk. Vi har ein bruk og kast-mentalitet som gjer meg kvalm. Vi kastar ting på dynga, og kjøper nytt. Og treng vi verkeleg alt vi handler til ei kvar tid?

Dette prøver vi i X2 å ta avstand frå. Vi har eit stort lager av gamle ting, som vi brukar om att kvart år, samstundes som vi prøver å “fornye” oss litt kvart år. I år er eg på jakt etter gamle hustelt, så om nokon har eit slikt dei tenke dei kan kvitte seg med i staden for å kaste det på dynga, så blir eg veldig glad. I tillegg prøvar eg å samle inn plastflasker i ulike fargar og størrelsar, som skal få nytt liv som lampar, og om nokon har gamle sykkelfelgar liggande, tek eg gjerne i mot desse også. X2 har gjenbruk og miljø som viktige verdiar. Mange av dei som kjem på festivalen er også veldig opptekne av klima og miljø, og vi har hatt debattar og foredrag om dette temaet. Vi håper vi kan vere med å bidra i denne debatten, og håper å skape engasjement blant folk i bygda vår. Så om du vil vere med å bidra til gjenbruk og gjere noko bra for klima og miljø, så ta kontakt!

Miranda Tryggeset
Dekoransvarleg, X2 Festivalen