Nikolai Schirmer

Skikøyrar, fotograf og filmprodusent


27-åringen frå Tromsø tar turen til Volda for å inspirera oss med sine skihistorier. Nikolai er utdanna jurist, men dei siste åra har han levd bubillivet i Canada som såkalla «skiboms». Fritida består blant anna av mykje foto- og filmproduksjon, så han ligger ikkje på latsida sjølv om han har flykta til skiparadiset i Vest.

I fjor vinter laga Nikolai ein miniserie om skisesongen, og vi fekk eit innblikk i dei ulike sidene ved frikøyring. Nikolais spektakulære filmklipp og rå skikøyring har gjort han godt notert i Noreg, og har fått vere med på mange prosjekt i samband med friluftsliv, blant anna som ambassadør for brandet Norrøna.