Ofte stilte spørsmål / FAQ

Kvar er festivalen og korleis kjem eg meg dit?

X2 Festivalen har base i den vesle bygda Volda i Møre og Romsdal. Du kjem deg dit ved å anten nytte buss, køyre bil eller fly med Widerøe. Det går fleire bussar dagleg frå både Oslo og Trondheim til Volda, kjøp billettar på nettbuss.no. Vil du køyre bil til Volda tek det åtte timar frå Oslo, og syv timar frå Trondheim og Bergen.

Kvar kan eg overnatte?

Det finst fleire alternativ for overnatting i Volda og omegn. I tillegg er det mogeleg å leige hytte, bruke AirBnB eller bu på Volda Turisthotell som ligg like ved festivalområdet. Vil du sove i Loen, ta kontakt med Jomar på mail.

Ørsta ligg berre ein ti minutter køyretur frå festivalområdet, og her er det også moglegheit for overnatting, til dømes på Hotell Ivar Aasen.

Kvar kan eg kjøpe billettar og kva kostar det?

Du kan kjøpe billettar på tikkio.com, berre søk på “X2 Festivalen”.

Festivalpass → 800 kr

Festivalpass student → 700kr

Dagspass Torsdag → 300kr

Dagspass Fredag → 450kr

Dagspass Laurdag → 400kr

Opningstider festivalområdet

Festivalområdet er opent frå kl.18.00 kvar kveld, og frå dette tidpunktet og utover har vi eit fullt kveldsprogram.

Korleis kjem eg meg til sportane?

Mange av sportane har base i Volda og er innan gåavstand. Elles går det festivalbuss til Loen.

Aldersgrense

Kveldsarrangementa har aldersgrense 18 år. Å vere tilskodar på konkurransane har inga aldersgrense. Aldersgrensa for å delta i sportane varierer noko. Du finn meir informasjon om dette på sportssida til konkurransen du ønskjer å delta i på nettsida vår!

Eg vann! Kvar kan eg hente premien min?

Vi har premieutdeling laurdag kveld på festivalområdet, under XAwards. Har du ikkje høve til å stille her, ta kontakt med nokon som jobbar på festivalen før du drar, slik at du får med deg premien.