TripleX

Meistrar du fleire naturelement i Sunnmørsalpene – frå bølgene som bryt i vest til dei bratte tindane i aust? Då bør du melde deg på TripleX!


Meistrar du fleire naturelement i Sunnmørsalpene – frå bølgene som bryt i vest til dei bratte tindane i aust? Då bør du melde deg på TripleX! 

TripleX var tidlegare avgrensa til «surf/snow/skate» konkurranser, men har dei siste åra blitt utvida og gjeld no fleire sportar. TripleX handlar om å vere best i tre ulike sports-greiner samanlagd, om det er på ski eller brett, på snø, asfalt, vatn eller i lufta. 

For å gjere det enklare å delta på TripleX gir dei fleste sportane i programmet poeng i TripleX konkurransen. Det vel og merke ikkje mulig å bruke fleire sportar som er relatert til kvarandre. Eksempel på dette er; Buldring, Catch-it og Tauklatring. Du kan berre velje ein av dei som poenggivande konkurranse i TripleX konkurransen.   

Den som får høgast poengsum samanlagd vinn den jernsmidde TripleX statuetten og ein gjev pengepremie. Vi anbefaler at du legg opp til ein konkurranse kvar dag (torsdag-laurdag) då det er vanskeleg å kombinere to konkurransar på ein dag. Konkurransen er open for alle over 18 år.

Startkontigent: 900,-  
1.plass TripleX: Jernsmidd statuett + 10.000,- 

——— 

Følgande sportar inngår i TripleX konkurransen: 

Torsdag 28.mars:

XWave
XSkate (ramp)

Fredag 29.mars:

XBase 
XFree XCreek 
Catch-it (festivalområdet fredag ca kl 21:00)

Laurdag 30.mars: 

XBoard
Buldring Tauklatring
Paragliding 
XSkate (street)
XStyle (ski/snowboard)

For å få godkjend registreringa di må du meistre kvar sport du melder deg på. Særleg XFree og XBase krev at alle deltakarane har gode dugleikar.
System for poengutrekning; 
Din plassering gir poeng avhengig av sum deltakarar. Eksempel; du kjem på 4.plass i XFree alpint herrer. Totalt var det 44 deltakarar i XFree alpint herre. Din poengsum blir rekna slik; 44 deltakarar minus din plassering (4) = 40 (poeng).
Det er ekstra stas med vinnarar. Derfor gir ein 1.plass ein poengbonus på 10 poeng. 
Dine tre konkurransar i TrippelX gir tre unike poengsummar + eventuelle 1.plass poengbonusar. Dine poengsummar blir slått saman til ein samla sum. Din TrippelX poengsum. Høgaste sum vinner. Kvinner og herrer konkurrerer i same unisex klasse 🙂 


NB! Dersom du ikkje har meldt deg på TrippelX, men har faktisk gjennomført tre konkurransar og kan framvise kvitteringar og resultat, så kan du etter-registrere deg på laurdag 30.mars. Frist for etter-registrering kl.18. 


Lykke til folkens!


Delta? Meld deg på her!