XBoard

Kom og sjå på Noreg sine beste longboardarar under årets XBoard


Med skinndrakter, hjelmar og hjartet i halsen entrar deltakarane dei smale og bratte bakkane på Sunnmøre. Under konkurransen vil det vere både musikk og matservering, og som tilskodar får du høve til å stå tett inntil bana og heie på deltakarane når dei susar mot mållinja.

Dagen startar med at utøvarane blir kjend med løypa gjennom ein god dose frikøyring. Vidare vil konkurransen baserast seg på ”Race to Qualify” for å dele opp i ulike heats. Det blir berre éin klasse i konkurransen, og det er påkravt med hjelm, hanskar og skinndress. I likskap med tidlegare år vil årets XBoard vere ein del av Norgescupen for Downhill Skateboard.


Delta? Meld deg på her!