XCreek

Er du klar for (ein heftig) kajakktur (med høgpuls?)


XCreek er ein utforkonkurranse der målet er å kome seg gjennom ein utfordrande løype på kortast molgeg tid. Vegen til mållinja er bratt og full av fossar og bølgjer. Er du god nok til å passere mållinja utan velt?

Som tilskodar er dette ein fartsfylt og morosam konkurranse å sjå på – og du får den beste utsikta langs løypa. Heile konkurransen er også synleg frå bilvegen, som betyr at du kan få med deg alt gjennom bilruta. Vi rår deg til å ta med fløyter, kubjøller, lufthorn eller kva enn du finner i kjellaren, for her er det lov å lage liv langs løypa! Bli med på XCreek for ein frisk oppleving med topp stemning.


Delta? Meld deg på her!