XSkate

Høg dra-på faktor og fete triks!


Publikumsfavoritten XSkate er sjølvsagt med i år og, både for dei store og små. Her blir det skatekonkurransar med høg fart og tekniske triks å sjå. Med gratis inngong, ein DJ som sørgja for feite beats, kiosk og god stemning er det ingen grunn til ikkje å kome. XSkate byr på show som absolutt er verdt å få med seg, så ta med vennegjengen og bli med!

Dommarane er på utkik etter kreativitet, lekenhet og sjølvsagt feite triks. Har du det som skal til?

XSkate er delt opp i senior-, junior- og jenteklassar, og aldersgrensa er 10 år. Om du er mellom 10-18 år må du ha ansvarsfråskriving frå føresette. Er du under 18 år er det også påbode med hjelm. For seniorar er dette valfritt, men vi oppfordrar likevel til å køyre med beskyttelse.


Delta? Meld deg på her!