Terje Olsen kallar seg Todd Terje og kjem i frå Mjøndalen. Hans bidrag til musikalsk utvikling internasjonalt er uvurderleg dei seiste dryge ti åra.

Oslodiscoen/skjeggediscofolket var allereie himmelstormande anerkjend av alle som likar god musikk (Pitchfork, DN, Lydverket i si tid, Dagsavisen, med fleire) – og kvar gang folk som Terje rørte på seg, spreidde dei varme, vindskeive beatsa dykkar seg, som eld på nettet. Kjærleiken til originalitet og musikk var meir prioritert enn lanseringsplanar og popstjerneambisjonar. 

Etter diverse remiksar og edits, kom eit par liveshow, ikkje minst saman med kollega Hans Petter Lindstrøm, på Øya. Så bana hans egen edit av ein Bryan Ferry-låt seg veg inn til pophelt Ferrys eige hjarte – og rykta om samarbeidet byrja å spreie seg. Ein liten kommersiell stjerne i boka, då Robbie Williams fekk eit hook av han på hiten «Candy», før Todd Terjes musikalske oppturar kom på laupande band. Mange meinte Terjes «Inspector Norse» var noko av det største frå Noreg på lang tid. “Delorean Dynamite” og “Johnny And Mary”, som også er eit samarbeid med Bryan Ferry, har óg vorte genierklært av ein samla musikkpresse.