X2 festivalen er driven på dugnad og er dermed heilt avhengig av ivrige frivillige for å få hjula til å gå rundt.
Vi treng deg!
DETTE FÅR DU SOM FRIVILLIG:
DETTE FÅR DU SOM FRIVILLIG:
DAGSPASS
ELLER FESTIVALPASS
AVHENGIG AV KOR MYKJE DU JOBBAR.
GRATIS MAT MEDAN DU JOBBAR PÅ
FESTIVALOMRÅDET.
EI KUL FRIVILLIG T-SKJORTE.
UNIKE OPPLEVINGAR I VAKRE
OMGJEVNADA.
MANGE NYE VENNAR.
OBS: Når du søkjer som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakta. Trykk HER for å lese gjennom denne.
Som frivillig kan du jobbe i mange ulike grupper. Info om kva for grupper du kan jobbe i, og kva arbeidet går ut på, kan du finne nedanfor.
Alle er velkomne som frivillig hjå oss! Det er ingen krav til forkunnskapar eller erfaring, og vi kan garantere at du vil bli tatt godt vare på uavhengig av om du kjem aleine eller ikkje.
Å jobbe som frivillig på X2 festivalen byr på mange fordelar. Desse er oppført ovanfor. Det er elles slik at éi frivilligvakt gir dagspass, medan to frivilligvakter kvalifiserer til festivalpass. Når du jobber to frivilligvakter er utgangspunktet at minst éi av desse må vere ei vakt på festivalområdet. Det betyr at om du ynskjer å jobbe som frivillig på sport, så må dette kombinerast med ei vakt på festivalområdet (anten i crew, bar, Xrecycle eller opprigg/nedrigg).
Artistvert/sjåfør er eit stort ansvar og kan ikkje kombinerast med andre roller. Du kan fint jobbe to vakter i crew, bar eller på dekor, opprigg eller nedrigg. Unntaketer dersom du jobbar i vakthald (security). Då treng du berre éi frivilligvakt for å få festivalpass, ettersom desse vaktene kan bli ganske lange og krevjande.
Når kan eg forvente å få svar på søknaden?
Alle kan forvente å få jobb som frivillig på X2 festivalen. Vi treng så mykje hjelp som vi kan få. Vi startar distribueringa av frivillige i februar, og jobbar fortløpande med å behandle søknadar. Når det er gjort kan du forvente å få ein mail frå gruppeleiar(ar) med meir informasjon. Vi strekk oss langt for å oppfylle alle sine ønske, men kan dessverre ikkje love at alle blir oppfylt. Det hjelp å vere tidleg ute med å registrere seg.
Grupper
Crew
Som frivillig i crew får du, på lik linje med frivillige i bar, oppleve festivalen frå ein annan vinkel. Ikkje minst vil du møte mange nye og flotte menneske som er med på å skape minner for livet! Du vil kunne få mange varierte arbeidsoppgåver i løpet av ein kveld, som til dømes å bytte inn billett til festivalband ved inngangen, sjå til at festivaldeltakarane har det bra og vere tilgjengeleg, og rydde og organisere inne på festivalområdet. Du vil aldri vere aleine og opplæring vil bli gitt før vakt.
Vakt
Som vakt for X2 festivalen har du ein av dei friaste, viktigaste og mest sosiale jobbane under kveldsdrifta til festivalen. Vaktene har ansvar for den generelle tryggleiken til alle som deltek på kveldsarrangementa til X2 festivalen. Vi ser til at alle som er inne på festivalområdet har det bra, at alle oppfører seg, og at skjenkebevillinga blir ivaretatt. For å bli vakt treng du ingen forkunnskapar, og vi tilbyr kurs i vakthald for dei som ønskjer. Vaktansvarleg er tilstades under heile festivalen for å bistå og rettleie dei frivillige. Vi ser spesielt etter deg som er glad i folk og oppteken av at dei rundt deg har det bra. Alle som skal vere vakt må vere 18 år eller eldre. Du vil kunne få mange varierte arbeidsoppgåver i løpet av ein kveld, som til dømes å bytte inn billett til festivalband ved inngangen, sjå til at festivaldeltakarane har det bra og vere tilgjengeleg, og rydde og organisere inne på festivalområdet. Du vil aldri vere aleine, og opplæring vil bli gitt før vakt.
Mediecrew
Mediecrewet si rolle under festivalen er å lage innhald fra alt som skjer på festivalen, både dag og natt. Arbeidstempoet er høgt og deadlinesa” er korte. Vi treng fotografar, videofotografar og klipparar som er løysingsorienterte og kreative! Dei som er ekstra gira kan også bidra til å lage promo-materiale før festivalen. Å ha tidlegare erfaring innan film eller foto er ein fordel.
Opprigg/Nedrigg
Vil du bli med å forme festivalområdet i tillegg til å få med deg heile festivalen? Jobb før eller etter festivalen som riggar! Riggarane er dei som set opp og tek ned festivalen og jobbar tett med gjengen i dekor.
Dekor
Dekor sin jobb er å sørge for at festivalområdet ser fantastisk ut! Som dekorfrivillig får ein delta på mykje fysisk arbeid, men òg ein del dekorering i detalj. Vi søkar deg som ynskjer å ta del i forminga av X2-kjensla på festivalområdet, og som ikkje er redd for å ta i eit tak! Vi arbeider i forkant av festivalen, så du bør helst vere tilgjengeleg for eit par vakter på dagtid veka før festivalen.
Bar
Det å jobbe i baren under festivalen gir deg ei unik moglegheit til å oppleve kveldsarrangementa frå ein ny vinkel. Gjengen som jobbar i bar får eit tett og godt samhald, og moglegheita til å nyte god musikk medan ein jobbar. Du treng ingen førkunnskapar for å kunne jobbe i baren, berre eit ønske om å lære og ikkje minst godt humør. Du vil få opplæring før vakta startar, og det vil vere ein baransvarleg til stades for å rettleie dei frivillige gjennom heile kvelden. Alle som jobber i baren må vere over 18 år.
XRecycle
X2recycle er festivalen sin grønne profil. Vi er ein liten gjeng som produserar merch til festivalen – som kan vere alt frå stilige gjenbruksplagg med påsydd X2 logo, til surfeponchoar laga av handkle. I tillegg arrangerar vi ulike sosiale events som loppemarknad, byttekveld og “utstyrs-fiksekveld” i tida før festivalen. Her kan du anten vere med i sygjengen, som samlast jamnleg til sykveldar, eller så treng vi menneskeglade folk som kan vere med å selge vårt kule merch under sjølve festivalen.
Artistvert
Som artistvert er di oppgåve å ta imot artistane som spelar på X2 Festivalen på ein god måte, og sørge for at dei har alt dei treng. Artistvertane har blant anna ansvar for å sikre at det alltid er mat og drikke tilgjengeleg, ansvar for å rigge til eit hyggelig backstage-område, og skal legge til rette for at artistane får ei best mogleg oppleving i Volda. Førarkort er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi treng også artistsjåførar, så spesifiser gjerne om du ynskjer å vere sjåfør.
XWave
XWave er ein surfekonkurranse som inngår i noregscupen. Dei beste surfarane i landet kjem til XWave for å konkurrere. Dei frivillige er viktige for å få gjennomført konkurransen og har ulike oppgåver gjennom dagen. XWave har følgjande arbeidsoppgåver for dei frivillige (i samarbeid med sportsjef Eirik Vaage): Pakking av utstyr i Volda, kjøre til konkurranse strand, rigge opp telt, sekretariat, musikk, dommar podie, sette opp strandflagg, kiosk. Alt dette må vere rigga før deltakarane møter opp (så det blir ein tidleg start på dagen). Før konkurrransestart skal alle deltakarar registreres i sekretariatet. Under sjølve konkurransen har vi følgjande oppgåver; tidtaking på surf-heat, signalisering til deltakarar i bølgene, samle inn nummervester og gi ut nummervester til neste heat, kiosk, rydding/samle søppel. Etter konkurransen skal alt riggast ned og kjøres tilbake til lageret i Volda. Dei frivillige må pårekne 10-12 timar arbeid. Normalt sett er vi tilbake i Volda omtrent kl 18. XWave gir dei frivillige ein nydelig dag på stranda!
XSkate
XSkate er ein skatekonkurranse som går føre seg innandørs i Møre skatehall. Arrangementet er ein av publikumsfavorittane på X2. Ein av oppgåvene til dei frivillige vert dermed å organisere og gjere plass til så mange som mogleg inne i skatehallen. I tillegg kjem oppgåver som opprigg og nedrigg av diverse utstyr, børste hallen for støv i forkant av konkurransen, og registrering av utøvarar. Som frivillig får du med deg heile konkurransen på nært hald og passar difor for deg som er interessert i skate!
XClimb
XClimb vert i hovudsak gjennomført av interne frivillige frå SKK. Men her trengst likevel nokre ekstra frivillige til å legge golv i Ørstahallen dagen før konkurransen, samt til nedrigg av golvet etter konkurransen. I tillegg treng vi frivillige til kioskdrift undervegs i arrangementet. Her krevst det ingen førkunnskapar eller spesielle ferdigheiter, berre godt humør!
XSmall
XStyle
XStyle er ein bigjump-konkurranse kor triks på både snowboard og twintip er det som gjeld. Det blir raskt tempo og mange svevande triks i bakkane på Ørsta skisenter. Som frivillig vil ein få sjå heile konkurransa! XStyle treng frivillige som kan bistå grenansvarlig; vi treng startarar til å sende ut utøvarane, hoppvakt som skal stå ved hoppet og sjå til at utøvarane landar trygt, samt frivillige til å stå i basecamp.
XFree
XFree er ei frikjøringskonkurranse for gode utøvarar både på ski og snowboard. Dette er ei actionfylt oppleving både for frivillige og for publikum! Dersom forholda og vêret er med oss på konkurransedagen, vil konkurransen verte avvikle ved Trollbotn (Ørsta skisenter – Bondalseidet). Dei frivillige vil ha ulike oppgåver både i forkant av, men også under konkurransen. Xfree treng ein del frivillige, både til registrering/påmelding, startarar, stavplukkarar, til opprigg/nedrigg av basecamp og frivillige til å stå i basecamp og skape god stemning.
XSpeed
XSpeed Presisjonslanding er ei konkurranse kor ein skal lande på eit angitt punkt på bakken med ein liten paraglider, også kalla speedglider. Som frivillig kan du vere med å arrangere konkurransen som dommar, speaker, takeoff-ansvarleg eller utstyr/logistikkansvarlig. Dei frivillige treng ingen forkunnskapar verken om luftsport eller noko anna - du vil få full opplæring. Du får også vere med å sjå nokon av Noreg sine råaste pilotar suse inn for landing i 120 km/t. Her søkjer vi deg som anten er sikkerhetsorientert, utadvendt eller ryddig. Kanskje har du alle desse eigenskapane? I så fall treng vi DEG!
XSmall er eit populært arrangement for dei yngste i bygda. Her har ein som oppgåve å planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar for barna - det kan vere alt frå hinderløyper og sparkesykkelrace, til svampekasting og ansiktsmaling. Her søkjer vi deg som er positiv og glad i barn, og som ynskjer å gi dei yngste ei artig oppleving!