Tekst: Ida Kloppen Gladyszak Foto: Simon Sjøkvist

Mellom 15. og 18. april kan du bli med på guida topptur i regi av X2-festivalen! Du vil bli godt i varetatt av guidar som er godt kjende i området, og få oppleve det beste frå Sunnmørsalpane. På turen vil ein oppsøke den beste snøen og få spektakulær utsikt.

Enten du er ein driven alpinist eller heilt ny i puddersnøen, garanterar guidane deg ein god oppleving. Turane går føre seg i små grupper og turen tilpassast nivået i gruppa. Sjølv om turen krevar at ein meistrar toppturski, er det inga krav om å eige eiga utstyr då deltakerane får moglegheit til å leige dette gjennom festivalen.

Sol Idland er ein av guidane under turane. Ho har budd på Sunnmøre i snart ti år. Då ho flytta hit i 2012 forelska ho seg heilt i dei kvitkledde Sunnmørsalpane. Ei forelsking som har vart heilt fram til i dag.

Idland håper på at ho som guide kan skape ein minnerik dag for turfølget hennar – uansett vær- og snøforhold. Ho trur turen passar spesielt godt for folk med skiferdigheiter, men som likevel er nysgjerrig på «topptur-gamet». Og kva går ein eigentleg glipp av om ein ikkje deltek på Guida topptur med X2?

– Lokal kjennskap og kunnskap. Og ikkje minst ein fantastisk dag i fjellet, med ein gjeng som kosar seg på ski saman, seier Sol.

Les meir på X2 si Facebook side for informasjon!

Link til påmelding finn du her:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdABMwqlxyTNuokIThTXrZOS7dBQb5G21K1te6BQAF-mp1Dcw/viewform