top of page

X2, 20 år med ekstremsport!

I år markerer vi 20 år sidan den første X2-festivalen. Det som starta som ein liten randoneekonkurranse opp to fjell, har utvikla seg til ein av dei største ekstremsportfestivalane i landet.

Gjennom to tiår har X2 samla idrettsutøvarar, eventyrarar og musikkelskarar for ei helg fylt med action, utfordringar og opplevingar. Frå skikøyring og paragliding til freeride og heftige konsertar – X2 handlar om lidenskap, spenning og fellesskap.

Bli med og feire 20 år med ekstremsport, musikk og X2-anden! Sjå tilbake på festivalhistoria vår under og gjer deg klar for ei spektakulær jubileumsutgåve.

Festivalhistorie

Konseptet blir utvikla. Ein vintersport-festival med
utgangspunkt i skialpinisme/ randonee. Namnet X2 kjem frå den første konkurransen som var ein randonee konkurranse opp to fjell.

2005

Festivalen blei arrangert for første gang med stor suksess på Nivane og Saudehornet.

Over 1000 betalende gjestar er innom festivalområdet som framleis blir haldt på Studenthuset Rokken.

Festivalen utvidar sportsprogrammet med freeride konkurransen XFree. Festivalen etablerer sammarbeid med Studenthuset Rokken.

Festivalen etablerer XFree, XCreek, XTind og XBoard som faste sportar. Kveldsarrangement blir større med artistar og DJs.

Festivalen introduserer XAir for første gang - paragliding.
Sponsorar blir viktigare!

Acro flygning og sykkel freeride konkurranse blir arrangert i tillegg til dei faste konkurransane (XFree, XCreek, XTing, XBoard)

X2 fyller 20 år – og vi løfter festivalen til nye høgder!

2025

bottom of page