ONSDAG 30. APRIL
For aller første gong varer X2-festivalen i fire fulle dagar – og vi sparkar det heile i gang med ein heilt ny kickstart-dag! Onsdag 30. april byr på noko for alle, enten du kjem med barna, vil tusle rundt på marknad og kose deg – eller er klar for kviss, railjam og konsertkveld!

open for alle


X2 MARKED
open for alle
16.00 - 19.00

Bli med når Ryder og valpane frå Paw Patrol kjem til Volda! I dette interaktive familieshowet hjelper dei ordførar Goodway med å setje opp eit talentshow i Adventure Bay – og dei treng hjelp frå publikum!
Det blir song, dans, musikk og masse engasjement. Kanskje får barna dine danse på scena saman med Paw Patrol?
Ingen spesialeffektar, røyk eller høge lydar – berre ekte Paw Patrol-magi for dei minste.
Ver klar for ein dag full av morsomme aktivitetar! Barna kan glede seg til ansiktsmaling, interaktive spel og mykje meir.
Det blir ei flott moglegheit for å vere kreative, ha det moro og lage minner for livet!


I år vil X2 festivalen by på loppis i Propellhallen! Her kan du finne alt frå klær og møbler til små skatter og minner.
Kom og utforsk marknaden, kanskje finn du noko unikt!
I år kan du glede deg til eit stort utval av food trucks på X2 festivalen! Fra smakfulle street food-rettar og lokale spesialiteter til søte fristelsar og forfriskningar, det vil være noko for alle smaker.
Ta turen og nyt deilig mat i festivalstemninga!


KVELD
18+

Xmovement er tilbake – kom og slapp av med ei roleg og balanserande økt.
Gjennom enkle yogaøvingar lærer du å lytte til kroppen din, finne pusten, og gi plass til indre ro. Økta passar for alle nivå og krev inga tidlegare erfaring.
Perfekt for deg som treng eit avbrekk frå ein travel kvardag – kom som du er, og ta vare på deg sjølv.
19.00
TBA

20.00

Sunnmøre Frikøyringsklubb har bygd ein heilt rå railpark utanfor Propellhallen, og du vil ikkje gå glipp av det!
Heimesnekra, kreativt og fullstendig galskap. Kom og sjå dei sjukaste triksa, eller meld deg på og imponer!
18+
21.00

Eit energisk og funky coverband som set fyr på scena og sørger for ei uforgløymeleg opningskveld! Funk For Forest tar deg med på ei musikalsk reise full av dans, glede og god stemning, det perfekte startskotet på årets festival.
18+