I år blir det, sjokkerande nok.., ein annleis X2. Fokuset blir eigentleg berre ekstra sterkt på å utvikle sportskonkurransene og aktivitetane utandørs i den sunnmørske naturen.
Du som les, veit kva det går i. Vi følger det du følger, og tilpassar sportsarenaene etter restriksjonane som er aktuelle 15 – 18. april.
Til alle utøvarar. Sportsregistreringa opnar 20. mars. Det blir lagt ut her på nettsida og arrangementa på Facebook.
Ingen X2 uten kveldsprogram. I år velger vi å nytte Studenthuset Rokken som festivalarena. Her er vi trygge på å få gjennomført økonomisk gunstig og i samarbeid med godt rusta personell på avvikling med restriksjonar.
Innhald og info program og billettar kveldsprogram kjem i mars.
To nyhende! X2 skal lage direktesendt sportssending, produsert av Oclin AS og vårt interne medieteam. Samt tilby guida topptur, i samarbeid med Fjord Nature.
Volda, Sunnmøre og utøvarar. Vi skal skape fartsfylt festivalstemning også i år! 15 – 18. april.
Vil du bidra eller har tips/idéar til oss? Send mail til: mathias@x2festivalen.no
Følg oss på sosiale medium: @x2festivalen på Instagram og Facebook!