Njål sitt univers – ei hyllest til kreativitet, nysgjerrigheit og kjærleik
- X2 Festivalen
- 5 days ago
- 2 min read

I år set X2-festivalen fokus på meir enn berre adrenalin og natur – vi ønskjer òg å løfte fram det indre landskapet: kreativitet, undring og kjærleiken til både mennesket og verda rundt oss.
Njål Ragnarson Kalsnes var eit menneske som rørte mange. Ikkje berre med sitt lune vesen og nysgjerrige sinn, men òg gjennom kunsten og musikken han skapte. Njål var ein kosebamse med eit skarpt blikk for detaljar, ein utforskar av både det fysiske og mentale – og ein kreativ kraft som brukte fargar, liner og tonar for å uttrykkje det han grubla på.

«Han var oppteken av hjernen – av kva tankar gjer med mennesket. Han funderte. Måla. Skreiv. Elska fuglar, filosofi og pingvinar. Han hadde eit varmt hjarte og eit leikent sinn.»
Njåls uttrykk lever vidare i år under X2-festivalen, der eit dedikert område i Propellhallen vert fylt med fargar, former og kjensler henta rett frå hans eigne kunstverk og skisser. I samarbeid med Njåls næraste vil vi skape eit visuelt univers som speglar kven han var – og som forhåpentlegvis vil inspirere deg som festivalgjest til å stoppe litt opp og kjenne etter.

KUNST OG DESIGN
Deler av festivalens design og dekor er i år basert på Njåls eigne arbeid og estetikk. Scenerom og installasjonar er inspirerte av strekane hans, tankane hans – og hjartet hans.
MERCH MED MEINING
Det er òg utvikla ein eigen merch-kolleksjon med design laga av Njål. Ved å kjøpe dette, ber du ikkje berre eit minne, men òg ei historie – og støttar samstundes at kreativitet og kunst får blomstre.
“Som mor betyr dette at vi minnast Njål på X2 Festivalen, enormt mykje. For det er jo mi største frykt at Njål skal bli gløymd , at navnet hans ikkje lenger blir nevnt “ - Bente Rabben, Mor til Njål
Dette prosjektet handlar om å minnast, men òg om å forevige talentet og interessene hans. Njål var leikande og rampete, samstundes djupt reflektert. Han kunne snakke om hjernetåke og evolusjon, for så å hoppe ut i isvatn eller snekkre eit smykke til ein nabo som trong litt ekstra omsorg. Han stilte spørsmål ved livet – og levde det med varme.

"Eg er veldig takknemlig for at vi har ein arena å minne og forevige Njål sitt minne, for meg personleg var han ei stor inspirasjon eg delte mange interesser og gode samtalar med" - Mathias Vasbotn Remmereit, Festivalsjef X2
Vi håpar du tek deg tid til å oppleve Njåls univers under X2-festivalen. For kunst skal ikkje berre vere noko vi ser – men noko vi kjenner.
«Eit menneske lever vidare i minna, i kunsten, i kjærleiken. Njål lever vidare her.»
Comments