Programleder for Dagens Video: -Det var rart, og litt krampeaktig.

Tekst: Mathias Rindal.

I X2Prat stiller vi nye og gamle personar i X2gjengen ulike spørsmål om korleis det er å vere frivillig i X2festivalen + litt artige greier. Denne gongen tok vi ein prat med Hans Andreas Solbakken.

-Kvifor og korleis vart du frivillig i X2?

Eg meiner det var fordi eg melde meg som frivillig til mediacrewet etter oppmoding frå Atle. Eg vart med fordi det verka som ein alle tiders festival, og i mediacrewet fekk eg jo vere på alle arenaene. Og så er eg jævlig glad i all slags form for konkurransar og ekstremsport.

-Kva har du gjort/gjer du i festivalen?

Eg var ein slags reporter utan særleg definerte arbeidsoppgåver. I 2015 og 2016(trur eg?). Det var heilt nydeleg!

-Kva har det å vere frivillig gitt deg?

Alle du blir kjent med og viss ein er ein triveleg kar så kan det jo gje moglegheiter seinare. Det er så mange flinke folk som ein kan danne samarbeid med seinare. Også var tømme-tanken-festen etter festivalen heilt kolossal! Det eg hugsar av han.

-Kan du beskrive korleis det er å lage festival?

Heilt ypperleg!

-Beste X2 Minne?

Eg fekk argumentert til meg ein flytur i småfly begge åra mine som frivillig, og det var så rått!

-Har du eit artig, flaut eller rart minne?

Alle dei smått rare og litt meiningslause introane mine til dagsvideoane i 2015. Det var rart, og litt krampeaktig. Eg hadde jo ikkje peiling.

-Noko du vil seie til potensielt nye frivillige?

Her kan du møte så mykje bra og flinke folk at du kan verkjeleg ikkje la vere altså.

Blei du gira på festival no? Følg oss på Insta og Facebook, innboksen er alltid open! @x2festivalen