Torsdag 5 mars vart det arrangert reperasjonskveld med X2 Festivalen der fleire fekk smaken for gjenbruk og skaparglede. Då kunne folk kome innom med stort og smått som trengte å reparerast.

Tekst: Susanne Storaker. Foto: Joakim Riise. 

Det skulle ikkje stå på fantasien for kva som kunne vekkast til live igjen, eller nye produkt som vart skapt. Gamasjar, turbukser, dunjakker, ein anorakk og ei veske er blant anna noko av det som blei reparert. Ein kan lage det utrulige av gamle ting. Til dømes vart det laga ein poncho som vart sydd saman av gamle handkle. Dette er eit supert plagg til å bruke når ein er ute å surfar. Ikkje minst er dette eit døme på kor lett det er drive med gjenbruk. Nede i kjellaren vart det tillagt ei preppeavdeling der fleire par ski og snowboard fekk seg ein rens, slipt kantar og glider på undersida. 


Donasjon til gjenbruk og reparasjon

I løpet av kvelden var over 20 deltakarar som kom innom, og arrangementet vart uten tvil populært og ein stor suksess. Det blei også donert kle til årets gjennbruksmerch. Fleire hadde med utstyr som hadde vore ødelagt over lengre tid, men som ikkje har blitt prioritert å reparerast. Dette viser at slike arrangement er til nytte då det er sosial og hyggeleg, men også motiverande å reparere ting saman. Det er mykje utstyr som kan reparerast enkelt med til døme sysaker og ei symaskin. Ved å samle reperasjonsutstyr og folk på et sted blir det også samlet mykje kunnskap som gjer det lettere å inspirere og hjelpe kvarandre. Det var uten tvil mykje glede og meistring ved å kunne reparere og lage ting sjølv denne kvelden.

Dette håpar X2 gjengen å få til som ein tradisjon!