Side Brok på X2: – Teltet bula ut for det var så mykje folk og liv!

Tekst: Mathias Rindal. 

I X2Prat stiller vi nye og gamle personar i X2gjengen ulike spørsmål om korleis det er å vere frivillig i X2festivalen + litt artige greier. I denne runda tok vi praten med logistikksjef Arve Humberset.

-Kvifor og korleis vart du frivillig i X2?

Ein kamerat som var sikkerheitsansvarlig på XBoard som trengte hjelp, så då vart eg med å hjelpe han og det balla berre på seg.

 

-Kva har du gjort/gjer du i festivalen?

Starta med å hjelpe til på XBoard. Etterkvart vart det ein del arbeid på området med rigging. No har eg ansvaret for utstyrslogistikk for sportane og festivalområdet, og sitt som styremedlem i styret.

 

-Kva har det å vere frivillig gitt deg?

MYKJE glede og mange nye venna eg ellers ikkje ville møtt.

 

-Kan du beskrive korleis det er å lage festival?

Ganske rolig og fint store delar av året. Nokre veker før festivalstart er det full rulle med utstyr og opprigg av området osv.  Det er veldig sosialt og kjekt under opprigg og me er ein fantastisk gjeng som gjerne tek imot fleire som vil hjelpe.

 

-Beste X2 Minne?

Har ganske mange så vanskelig å velge, men kanskje når Side Brok spelte i storeteltet ute på plassen og veggane på teltet bula ut for det var so mykje folk og liv!

 

-Noko du vil seie til potensielt nye frivillige?

Blei du gira på festival no? Følg oss på Insta og Facebook, innboksen er alltid open! @x2festivalen