X2 heldt denne helga slippfest, kor heile bygda og tilreisande vart samla på Rokken for avsløringar av nokre av årets artistar,  føredragshaldarar og merch.

Av: Frida Wattne Lindland

Den annars vanlege utestaden Studenthuset Rokken har denne kvelden vorte forvandla til noko som gir ein lun og god hyttestemning. Det er sofaer å slå seg ned i, ski som prydar veggane, og ein hyttebok for kveldens gjestar i tillegg til lampar og anna stæsj i X2-stil. Dette sett derimot ingen stopper for dansehumøret, og dansegolvet vert raskt fylt opp til velkjente rytmar. Det vert også seld ny X2-merch, og i år satsar festivalen på ein enda grønare profil: all merch er laga av brukte klede. Ikkje berre er dette miljøvennleg, men det gjer at kvart plagg som representerer X2 i år er unike plagg. Det var også moglegheit for gjestane denne kvelden å ta med seg klede som ikkje lenger er i bruk og donere dei ti enda meir merch. 

Tilbake på dansegolvet begynte klokka å nærme seg tolv, og fleire strømma til for å få med seg avsløringa av artistar og føredragshaldarar til årets festival. Spenninga stig i det skjermane med nedteljing går frå fire minuttar til 00:00, og det blir mykje god dans idet “Danser med en Tjommi” vert spilt for fullt og publikum får vite at bergensduoen Ka2 kjem til X2 2020! Neste artist på storskjermen er danske Pattesutter som allereie har teke bygda med storm og X2 garanterer dermed god stemning under festivalen.

Føredragshaldarane Bernt Marius Rørstad, Mats Grimsæth, Melissa Brandner, Marius Nergård Pettersen, Torry Larsen, Tormod Granheim og Asbjørn Eggebø Næss skapar stor begeistring, og X2 2020 held ikkje tilbake på ekstreme foredragshaldarar i år heller. Det blir ikkje berre skandinavisk stemning blant artistane: Canadiske Lou Phelps tek turen til Volda med sine heite rytmar. Gjestane verkar fornøgde med avsløringane og er sjølvsagt også gira på å sjå deltakarane i alle sportane som Xwave, Xclimb og Xfree, og mykje, mykje meir!

X2 gleder seg til ein vill festival og fleire artistar og foredragshaldarar vert annonsert framover i forkant av X2 2020!