Guida Topptur


Guida topptur: Det beste frå Sunnmørsalpane
Bli med på guida topptur under X2-festivalen! No har du moglegheit til å bli med skikkelig lokalkjente guidar på ordentlig X2-vis. I samarbeid med det lokale guideselskapet Fjord Nature vil vi ta dykk med på spektakulære toppar i Sunnmørsalpane. Her jaktar vi den beste snøen og utsikta samtidig som sikkerheita blir godt ivaretatt.
Vi tilpassar turen etter gruppa, og turane er for alle som ynskjer det. Det vil bli små grupper med ein lokalkjent guide som sørger for at alle har en fin og trygg tur. Våre guidar er klare til å vise deg det aller beste av Sunnmøre. Vi tilbyr dagar fylt med ski, fjell og god stemning. Bli med oss på topptur og opplev det beste av det beste under X2-festivalen!
Guida topptur med Fjord Nature!
Oppmøte: Propellhallen
Tid:
Torsdag 31. mars: 09:00
Fredag 1. april: 09:00
Laurdag 2. april: 09:00
Søndag 3. april: 09:00
Spørsmål rettast til:
helge@fjordnature.com