TrippelX


DATO: 31. Mars – 2. April

STED: Sunnmøre

TrippelX

 

Velkommen til X2 Festivalen sin samanlagt konkurranse der vi skal krone den mest komplette atleten i tre idrett disipliner. Her vinner den atleten som best meistrar ulike element på snø, sjø, elv, luft eller hjul. Alle konkurransar er inkludert i TrippelX.

 

Du som deltakar må, i tillegg til å registrere deg som TrippelX deltakar, også registrere og betale startkontigent på dei respektive konkurransane du deltar i. Minimum tre konkurransar. NB! Du melder deg ikkje på ein konkurranse gjennom TrippelX. Du må fylle ut registrering i dei respektive konkurransane!

 

 

X2 Festivalen har mange parallelle eller overlappande konkurransar. Du må derfor planlegge kva du skal delta på. Vêret spelar også ei viktig rolle på festivalen og nokre konkurransar, eksempelvis XFree, XWave, XAir og XCreek kan bli flytta på. Dette må du også ta høgde for. Merk! Det er ikkje alle år festivalen har klart å avvikle TrippelX ettersom vêret har gjort det umogleg å delta på tre ulike konkurransar. Nødvendige endringar grunna vêret er «force majeure» – festivalen tar ikkje ansvar for vêret og nødvendige endringar eller kanselleringar.

 

Reglar for TrippelX:

 

Deltakar i TrippelX må vere kvalifisert for alle konkurransane du melder deg på. Kvar konkurransane har ulike reglar.

Deltakar kan ikkje delta i to disipliner i same idrett, eksempelvis XClimb buldring og XClimb tau. Det må vere tre ulike idrettar.

 

Deltakar er sjølv ansvarleg for å sende ein SMS med fult namn, sportar og plasseringar til mobilnr. +47 47395073 seinast kl 17:00 laurdag 2 april. Alle resultat blir sjekket opp mot resultatlistene før XAwards.

 

 

Kåring av vinnar:

Ein vinnar, uansett kjønn, blir kåra som vinner av TrippelX.

Vi gir NOK 10.000,- til den komplette atleten på X2 Festivalen 2022.

 

 

Reglar for poeng:

1.plass =  10 000 poeng.

2.plass =     7 500 poeng.

3.plass =      5 000 poeng.

4-6. plass =    2 500 poeng.

7-10 plass =    2 000 poeng.

11-100 plass =    1 000 poeng.

 

Dersom deltakar må bryte konkurransen grunna skade reknar vi dette som 11-100 plass og gir da 1 000 poeng.