Xcreek


DATO: 2. April 12:00

STED: Hellesylt/Volda/Ørsta

ER DU KLAR FOR EIN HEFTIG KAJAKKTUR MED HØG PULS?

XCreek opnar tradisjon tru sessongen for elvepadling. Avhenging av vassføring vil ein måtte sjå ann kor og korleis det blir gjennomført. I området er det mange val både i Ørsta, Volda,  Hornindal og Hellesylt.

Konkuransa vil bli avholdt laurdag 2. april. Deltakare må halde seg oppdatert via greinansvarlig eller følge me på eventsida på Facebook eller på nettsida vår med oppdatert informasjon om arrangement. For publiukum vil ein også få vite det aktuelle stedet via våre kanalar seinast dagen før konkuransa.

XCreek kan kallast for utforkonkurransen i elvepadling, der målet er å kome seg gjennom ei utfordrande løype på kortast mogeleg tid. Vegen til målinja er full av fossar, bølgjer og bratte parti. Er du god nok til å kome deg til mål utan velt?

Som tilskodar er dette ein fartsfylt og morosam konkurranse å sjå på – og du får den beste utsikta langs løypa. Vi rår deg til å kome og observere utøverane i XCreek herje med bølgjene. Ta med det du har av fløyter, kubjeller, lufthorn og lag fantastisk stemning langs løypa.