Xstyle


DATO: 1. April 14:00

STED: Bondalseidet skisenter

XStyle inviterar til svevande triks og stemning i bakken!

XStyle er ein konkurranse i BigAir. Her får du sjå ski- og snøbrettkøyrarar utføre utrulege triks og flotte svev.

Med eigne dommarar plassert i bakken, vil det kårast ein ultimat vinnar. Dommarane legg ikkje berre vekt på kvaliteten på triksa – her gjeld det å vere leiken, kreativ og å vise seg skikkeleg fram. Dette er rett og slett den beste oppskrifta på eit forrykande show for tilskodarane. XStyle er definitivt konkurransen du må få med deg i år!

 

XStyle er ein del av samanlagtkonkurransen TrippelX der vi kroner den komplette atleten på X2 Festivalen. Vinnar av TrippelX får NOK 10.000,- + bøttevis med respekt!