Starta som 17åring i 2009: -DET er det få ting som slår!

Tekst: Mathias Rindal. Foto: X2 Instagram

I X2Prat stiller vi nye og gamle personar i X2gjengen ulike spørsmål om korleis det er å vere frivillig i X2festivalen + litt artige greier. Denne gongen tok vi ein prat med, ho som tek på seg alle utfordringar, Andrea Kalland.

-Kvifor og korleis vart du frivillig i X2?
Vart frivillig både på eige initiativ (fordi det er ein feit festival, og kven i sitt riktige haud vil ikkje delta på dette?!?) og litt naturleg overgang frå å sitte i styret på Studenthuset Rokken. Har vore innom og jobba på X2 sidan eg var 17 år, med nokre opphald der eg har flykta frå bygda til byn, og tilbake att.

-Kva har du gjort/gjer du i festivalen?
Eg har vore bartender, vakt, baransvarleg, artistkontakt-ansvarleg ++ med andre strøjobbar! Dette frå 2009 til 2019!

-Kva har det å vere frivillig gitt deg?
Det har gitt meg glede, frustrasjon, ståpå-vilje, tårer og latter (gjerne om kvarandre), nye bekjentskap, fantastiske opplevingar og minne for livet! Her kunne ein skreve ei lang novelle, men det får ein halde seg for god for.

-Kan du beskrive korleis det er å lage festival?
Det er kaotisk, hektisk, stressande, spennande og utfordrande. Det aller beste med det er at det er ufatteleg kjekt og at det skapar eit samhald fordi ein må samarbeide med mange forskjellege folk innad i festivalen, samt ulike bransjer. Det å få til ein festival som på nokre punkt går på skinner, og på andre punkt ser ut til å falle i grus.. men på grunn av den fantastiske frivilligånda (med trykk på ildsjelene) likevel vert dratt i land på fantastisk vis i siste liten.. DET er det få ting som slår!

-Beste X2 Minne?
Første åpningsdag av festivalen i 2016, akkurat då det var mest trykk i hovedbaren ute. Det å stå å tappe øl på øl som fersk baransvarleg, sjå ut på dei ivrige frivillige ein har ansvaret for som jobbar på som heltar, samt dei fornøgde kundane! Det var fantastisk etter litt for mange dagar med stress og tankar om at baren ikkje kom til å være oppe å gå.

-Noko du vil seie til potensielt nye frivillige?
Meld deg på, jobb med så mange forskjellege grupper som mogleg og så mange år som mogleg. Skaff deg nye nettverk, relasjonar og nye minner. Dette er gode erfaringar å ha med seg i mange forskjellege jobbsammenhengar. Eigentleg berre til livet generelt!

-Kva driv du med til vanleg no?
No jobbar eg som miljøterapeut i 100% vaksenjobb. Brukar fritida (og arbeidstida) på å draume meg tilbake til lange dagar, kveldar og netter med festivaljobbing! Eit lite subtilt hint til folk som treng arbeidskraft når bransjen er oppe og nikkar igjen;-)

Blei du gira på festival no? Følg oss på Insta og Facebook, innboksen er alltid open! @x2festivalen