kjære festivalgjest og deltakar!

På grunn av nye smitteverntiltak vil X2 ikkje ta imot deltakarar utanfor regionen Sunnmøre. Vi beklager dette! Alle påmeldte deltakarar frå resten av landet får refundert billetten sin ved å sende ein mail til eirik@x2festivalen.no

Vi oppmodar publikum til å ikkje oppsøke sportsarenane, for å hindre at store grupper samlast på eit bestemt område. Det vil bli direktesendt sportssending som dykk kan følge med på gjennom våre kanaler. Vi vil ha stort fokus på smittevern under alle våre aktivitetar.

Fysisk kveldsprogram vil i år dessverre utgå, men vårt mediecrew skal dekkje alle sportane og produsere innhald som vi skal vise på vår eiga livesending, fredag og laurdag frå 19 til 21. Sendinga vil være tilgjengelig på alle våre kanaler.

Oppdatert informasjon vil komme fortløpande, så skal vi gjere vårt beste for at årets festival blir verdt å få med seg.