Foto: Ida Eim

Prosessen frå startfasa til gjennomføring av festivalen har vore ei berg og dal bane av endringar og vurderingar. Det å planlegge og gjere arbeid knytt ein festival midt i ein verdensomfattande pandemi har vore ekstremt spesielt og lærerikt. Frå første stund har kommunikasjon og informasjon om arrangement, og gjennomføring av sjølve festivalen våre svært viktig. Reglar og retningslinjer endra seg stadig, noko som førte til eit ekstra stort behov for å informere og oppdatere våre kjære festivalgjestar.

Rolla som nettside, og seinare presseansvarleg har vore svært sentralt her. Oversikt over festivalprogram har blitt laga, sletta, også laga på nytt. Smitteveiledarar har blitt publisert, oppdatert, endra, og delt på nytt. Alt dette i kombinasjon med vanlig innhaldsskaping, oppdateringar og skriverier på nettsida. Dette har våre ekstremt lærerikt, og ein ser verkeleg resultatet av det arbeidet ein gjer.

Arbeidet i forkant av festivalen bleiknar veldig samanlikna med festivalhelga. Torsdag, altså dagen før festivalen sparka skikkeleg i gang, starta arbeidet for fullt. Som fleire gangar før tok eg turen til kulturnæringshagen for å gjere litt førebuingar før festivalstart. Dette utvikla seg fort til å bli min første dag som presseansvarleg. Det som skulle være ein snartur nedom for ein liten prat utvikla seg til fleire timar med PR-arbeid. Etter utallige samtalar og mailar med pressa så var X2 Festivalen 2021 publisert på NRK si nettside, og eit TV-innslag på kveldssendinga avtalt. Det å sjå korleis ein samtale kan føre til noko slikt er per dags dato noko av det mest motiverande eg har opplevd i mi korte karriere innanfor PR-verda.

Når festivalhelga starta for fullt blei dagane lange, men ekstremt kjekke og lærerike. Dagane gjekk stort sett i å snakke med journalistar, og sende over alt vi hadde av pressemeldingar, informasjon og bilde/video. Eg fekk enormt god respons og dei aller fleste aktuelle medier publiserte det vi sendte over. Det absolutte høgdepunktet i helga var at eg fekk NRK til å både skrive om, men også vise X2Festivalen to gangar på TV. Dette i kombinasjon med at Mathias Vasbotn Remmereit (vår kjære festivalsjef) fekk TV2 til å vise fram festivalen to gangar på tv! Det at Sunnmørsposten også var så aktive var svært kjekt, høgdepunktet her var nok når X2Festivalen var dei (to!) øverste sakene på nettsida i ei periode under festivalen.

Festivalstemninga, livedekning, nydeleg vêr og samarbeidet mellom dei frivillige resulterte i ei fantastisk helg. No rettar eg blikket mot 2022, vi skal samle folket og skape den beste X2Festivalen som nokon gang har våre!

Vi sjåast under X2Festivalen 2022! Sjekk det ut her https://www.facebook.com/events/370343440856135

– Mathias Rindal, presse-og nettside ansvarleg.