Kvar søndag etter festivalen: -Alle lider like mykje, veldig kjekt og jævlig samtidig.

Tekst: Mathias Rindal. Foto: Kyrre Buxrud.

I X2Prat stiller vi nye og gamle personar i X2gjengen ulike spørsmål om korleis det er å vere frivillig i X2festivalen + litt artige greier. Denne gong med den nybakte Sportssjefen Sigbjørn Melvær. 

-Kvifor og korleis vart du frivillig i X2?

Som mange andre så vart eg dratt inn i styret meir eller mindre frivillig, vart kjent med folk som allerede var ein del av festivalen gjennom felles interesse som å renne på ski ned fjell.

-Kva har du gjort/gjer du i festivalen?

Begynte som frivillig på Xfree, fortsatte i 2 år som sponsordude, vært xfree general i 4-5 år også nå sporssjef. I tillegg til det vært stor pådrivar for det sportslige og festlege delen av festivalen. Samt at eg har deltek i fleire greiner i festivalen opp gjennom.

-Kva har det å vere frivillig gitt deg?

Stort nettverk med personer eg vanligvis ikkje ville vært like naturlig å møtt. Det har gitt meg ein festival eg alltid ser fram til.

-Kan du beskrive korleis det er å lage festival?

Ganske bedagelig frem til 1 månad før festivalstart. Då går det i ett meir eller mindre, og stressnivå er fult å heilt styrt av værprognoser.

-Beste X2 Minne?

Men unntak av sportslige prestasjoner så må det være da eg kom i skade for å ha 50% av X2 festivalen 2015 på nach i kollektive me budde. Kjære kyrkje folk for ein fest det vart og berre kjekt. Det året det er snakk om da står eg utføre med tappekran og 40 liter øl som eg tapper til alle som kjem inn.

-Har du eit artig, flaut eller rart minne?

Det flaueste eg kjem på er vår reporter som spurte ei av våre deltakere om korleis det var å være jente å skate. Eg synest for øvrig at alt er flaut.

Artige minner, kvar søndag når me rydder sammen festivalen. Alle lider like mykje, veldig kjekt og jævlig samtidig.

-Noko du vil seie til potensielt nye frivillige?

Møt opp i tide, gjer det du skal og ikkje snik dej unna. Me er avhenging av frivillige, og skal du først være det må du levere!

Blei du gira på festival no? Følg oss på Insta og Facebook, innboksen er alltid open! @x2festivalen

Sigbjørn XSkate 2015, Foto: Olav Standal Tangen