For at me skal få moglegheita til å drive ein så fantastisk festival som dette, må me ta vare på naturen. For naturen er sjølve kjerna i X2. XCycle er ein av våre viktigaste greinar fordi den representerar dei ulike valgane me aktivt tar for å spele på lag med jorda.

Tekst: Frida W. Lindland, Foto: Hanna Thevik, Film: Andreas Hammerø Eide

Årets merch er laga av brukte klede som er donert til festivalen eller handla på gjenbruksbutikkar. Dei blir sydd om og får blant anna X2 si logo slik at dei får sitt eiga preg. Dekoren frå i fjor blir brukt om igjen, og det som er “nytt” er laga av ting som er funne, til dømes på dynga. Plastflasker kan lett bli gjort om til lamper, og det meste blir kult med eit malingsstrøk eller to. Når me allereie er inne på plastflasker: X2 kjem til å arrangere strandryddingar, kor det vert moglegheit for å delta i arbeidet for å redde havet og dyra rundt frå all søpla som vert skyld opp på land.

satse på ein grønare profil ved å nytte gjenbruk framfor ny produksjon gjer at både merch og dekor får eit særeiga utsjåande; det blir rett og slett unikt for X2 festivalen 2020! Å arrangere aktivitetar som strandrydding skapar også ein større bevisstheit blant publikum, og me håpar at X2 festivalen kan inspirera fleir til å ta aktive grøne valg!